Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 16/1-31 A i utvinningsløyve 338

14.05.2019 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/1-31 A, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 16/1-31 A skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 58°51'47,5"N og 02°18'12,35"A.

Boreprogrammet for brønn 16/1-31 A gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 338. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 65 prosent. Dei andre rettshavarane er OMV (Norge) med 20 prosent og Wintershall Norge AS med 15 prosent.

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 16/1. Brønnen blir bora om lag fire kilometer nordaust for Edvard Grieg-innretninga i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 338 blei tildelt 17. desember 2004 (TFO 2004). Dette er den 15. leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 16-1-31-A

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 15.05.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52