Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 16/5-7 i utvinningsløyve 502

27.05.2019 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 16/5-7, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 16/5-7 skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 58°42'12,13"N og 02°31'08,81"A.

Boreprogrammet for 16/5-7 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 502. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 44,44 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 33,33 prosent og Aker BP AS med 22,22 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av ein del av blokk 16/5. Brønn blir bora om lag tre kilometer vest for den sørlege delen av Johan Sverdrup-feltet.

Utvinningsløyve 502 blei tildelt 23. februar 2009 i TFO 2008. Dette er den andre leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kart over brønn 16-5-7

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 27.05.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52