Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 2/1-17 S i utvinningsløyve 019 C

01.08.2019 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 2/1-17 S jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 2/1-17 S skal borast frå boreinnretninga Maersk Interceptor i posisjon 56 49`6,15 N og 3 8`19,7 A.

Boreprogrammet for brønn 2/1-17 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 019 C. Aker BP ASA er operatør med ein del på 80 prosent. Den andre rettshavaren er MOL Norge AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokk 2/1. Brønnen blir bora om lag 10 kilometer søraust for Gyda-feltet.

Utvinningsløyve 019 C vart delt ut 14.09.1998. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 2-1-17-S

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 01.08.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52