Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 25/11-29 S i utvinningsløyve 916

16.04.2019 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 25/11-29 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønnen skal borast frå boreinnretninga Deepsea Stavanger i posisjon 59°02'48,44"N og 02°26'21,80"A etter at riggen har utført brønnoperasjonar på Volund-feltet, som inkluderer boring av ein produksjonsbrønn.

Boreprogrammet for brønn 25/11-29 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 916, der Aker BP ASA er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Equinor Energy AS, Lundin Norway AS og Petoro AS med 20 prosent kvar.

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokkene 25/11 og 16/2. Brønnen blir bora om lag 15 kilometer nordaust for Ivar Aasen-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 916 blei tildelt 2. mars 2018 (TFO 2017). Dette er den fyrste leitebrønnen i løyvet, men det er tidlegare bora fem undersøkingsbrønnar innanfor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

25-11-29-S-JK

 

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 24.04.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52