Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 25/2-20 i utvinningsløyve 442

17.06.2019 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 25/2-20, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 25/2-20 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Stavanger i posisjon 59°52'27,05" N og 02°27'29,23" A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 15/6-16 S for Aker BP ASA i utvinningsløyve 777.

Boreprogrammet for brønn 25/2-20 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 442. Aker BP ASA er operatør med ein del på 90,26 prosent. Den andre rettshavaren er LOTOS Exploration and Production Norge AS (9,74 prosent).

Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 25/2 og 25/3. Brønnen blir bora om lag 20 kilometer aust for Frigg-feltet.

Utvinningsløyve 442 blei tildelt 15. juni 2007 (TFO 2006). Dette er den åttande leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn PL442-20-5-25

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 17.06.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52