Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 25/7-7 i utvinningsløyve 782 S

31.07.2019 Oljedirektoratet har gitt ConocoPhillips Skandinavia AS boreløyve for brønn 25/7-7 jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 25/7-7 skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 59 18`59,95 N og 02 12`42,66 A.

Boreprogrammet for brønn 25/7-7 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 782 S. ConocoPhillips Skandinavia AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Equinor Energy AS (20 prosent), Aker BP ASA (20 prosent) og DEA Norge AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 25/7 og 25/10. Brønnen blir bora om lag 17 kilometer nordvest for Balder-feltet.

Utvinningsløyve 782 S blei tildelt ut 6. februar 2015 i TFO 2014. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 25-7-7

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 31.07.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52