Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 25/7-9 S i utvinningsløyve 917

08.12.2019 Oljedirektoratet har gitt ConocoPhillips Skandinavia AS boreløyve for brønn 25/7-9 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 25/7-9 S skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 59°15'17,13"N og 2°18'51,74"A.

Boreprogrammet for brønn 25/7-9 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 917. ConocoPhillips Skandinavia AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Lundin Norway AS (20 prosent), Suncor Energy Norge AS (20 prosent) og Vår Energi AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 25/7 og 25/10. Brønnen blir bora om lag 12 kilometer vest for Ringhorne og 210 kilometer nordvest for Stavanger.

Utvinningsløyve 917 blei tildelt 2. mars 2018 i TFO 2017 på norsk sokkel.

Dette er den andre letebrønnen som blir bora i løyvet. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 25-7-9-S

 

 

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 08.12.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52