Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 25/8-19 S i utvinningsløyve 820 S

14.10.2019 Oljedirektoratet har gitt MOL Norge AS boreløyve for brønn 25/8-19 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Oljedirektoratet har gitt MOL Norge AS boreløyve for brønn 25/8-19 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 25/8-19 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 59°20'13,21"N og 2°21'53,28"A.

Boreprogrammet for brønn 25/9-19 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 820 S. MOL Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Lundin Norway AS (30 prosent), Wintershall Norge AS (20 prosent) og Pandion Energy AS (10 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 25/7 og 25/8. Brønnen blir bora om lag 6 kilometer nordvest for Ringhorne og 210 kilometer nordvest for Stavanger.

Utvinningsløyve 820 S blei tildelt 5. februar 2016 i TFO 2015 på norsk sokkel.

Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over utvinningsløyve 820 S

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 14.10.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52