Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 30/12-2 i utvinningsløyve 986

05.08.2019 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 30/12-2, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 30/12-2 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Stavanger i posisjon 60°1'42,65"N og 2°46'3,24"A.

Boreprogrammet for brønn 30/12-2 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 986. Aker BP ASA er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro (30 prosent), Wellesley Petroleum AS (20 prosent) og DNO Norge AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 25/2, 25/3, 30/11og 30/12. Brønnen blir bora om lag 43 kilometer nordaust for Frigg-feltet.

Utvinningsløyve 986 blei tildelt 1. mars 2019 i TFO 2018. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 30-12-2

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 05.08.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52