Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 30/6-31 S i utvinningsløyve 053

23.12.2019 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 30/6-31 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 30/6-31 S skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 60°33'12,90"N og 2°52'12,27"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 31/5-7 for Equinor Energy AS i utnyttelsestillatelse 001.

Boreprogrammet for brønn 30/6-31 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 053. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 49,3 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (33,6 prosent), Total E&P Norge AS (14,7 prosent) og ConocoPhillips Scandinavia AS (2,4 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokk 30/6. Brønnen blir bora om lag 8 kilometer nordaust for Oseberg feltsenter.

Utvinningsløyve 053 vart delt ut 06.04.1979 i 4. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den 31. leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 30-6-31 S

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 23.12.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52