Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 31/5-7 i utnyttelsesløyve 001

29.11.2019 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 31/5-7, jf. forskrift om dokumentasjon ved lagring av CO2 på sokkelen § 15.

Brønn 31/5-7 skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 60°34'35,15"N og 3°26'36,15"A etter å ha avslutta boring av brønn 6611/1-1 i Norskehavet.

Boreprogrammet for brønn 31/5-7 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utnyttelsestillatelse 001. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 100 prosent.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokken 31/5. Brønnen blir bora om lag 17,5 kilometer sørvest for Troll A.

Utnyttelsesløyve 001 blei tildelt 11. januar 2019. Dette er det første utnyttelsesøyvet på norsk sokkel og den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 31-5-7

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 29.11.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52