Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 6506/11-11 S i utvinningsløyve 644

15.05.2019 Oljedirektoratet har gitt OMV (Norge) AS boreløyve for brønn 6506/11-11 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6506/11-11 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 650 12’10.45’’N og 60 22’46.77’’A.

Boreprogrammet for brønn 6506/11-11 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 644. OMV (Norge) AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Equinor (40 prosent), Faroe Petroleum (20 prosent) og Spirit Energy (10 prosent).

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 6506/8, ein del av blokk 6506/10 og ein del av blokk 6506/11. Brønnen blir bora 3,8 kilometer nordvest for Morvin-feltet i Norskehavet.

Utvinningsløyve 644 blei tildelt 3. februar 2012 (TFO 2011). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kart over brønn 6506-11-11-S

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 16.05.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52