Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 6507/2-5 S i utvinningsløyve 942

19.06.2019 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 6507/2-5 S jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6507/2-5 S skal borast frå boreinnretninga West Phoenix i posisjon 70 22`43,71´´A og 650 50`44,19``N etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 16/1-30 S for Equinor Energy AS i utvinningsløyve 167.

Boreprogrammet for brønn 6507/2-5 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 942. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Wellesley Petroleum AS (30 prosent) og Aker BP (30 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6507/1 og del av blokk 6507/2. Brønnen blir bora om lag sju kilometer sørvest for Marulk-feltet.

Utvinningsløyve 942 blei tildelt 2. mars 2018 (TFO 2017). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 6507-2-5-S

 

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 23.07.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52