Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 6507/5-9 S i utvinningsløyve 838

16.08.2019 Oljedirektoratet har gitt PGNiG Upstream Norway AS boreløyve for brønn 6507/5-9 S jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6507/5-9 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Nordkapp i posisjon 65°39'35,87"N og 7°38'51,07"Ø etter avslutting av boring av utvinningsbrønnar på Skogul i utvinningsløyve 460.

Boreprogrammet for brønn 6507/5-9 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 838. PGNiG Upstream Norway AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Aker BP ASA (30 prosent) og Wintershall DEA Norge AS (30 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6507/6 og del av blokk 6507/5. Brønnen blir bora om lag 4,5 kilometer søraust for Skarv-feltet i Norskehavet.

Utvinningsløyve 838 vart delt ut 5.2.2016 i TFO 2015 på norsk sokkel. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 6507-5-9-S

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 16.08.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52