Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 6507/7-16 S i utvinningsløyve 888

09.10.2019 Oljedirektoratet har gitt DNO North Sea (Norge) boreløyve for brønn 6507/7-16, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6507/7-16 S skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 65°19'54,62"N og 7°11'51,71"Ø.

Boreprogrammet for brønn 6507/7-16 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 888. DNO North Sea (Norge) er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Wellesley Petroleum (30 prosent) og Conoco Phillips Skandinavia (30 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6507/7. Brønnen blir bora om lag 3 kilometer vest for Heidrun-feltet og 250 kilometer nord for Kristiansund.

Utvinningsløyve 888 vart delt ut 10.2.2017 i TFO 2017 på norsk sokkel.

Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 6507-7-16-S

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 09.10.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52