Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 6508/1-3 i utvinningsløyve 758

20.06.2019 Oljedirektoratet har gitt Capricorn Norge AS boreløyve for brønn 6508/1-3 jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6508/1-3 skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 65 58`25,73 N og 08 09`49,06 A.

Boreprogrammet for brønn 6508/1-3 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 758. Capricorn Norge AS er operatør med ein del på 50 prosent, og dei andre rettshavarane er Skagen44 AS med 30 prosent og Lundin Norway AS med 20 prosent.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 6508/1, 6608/10 og 6608/11. Brønnen blir bora om lag seks kilometer søraust for Norne-feltet.

Utvinningsløyve 758 blei tildelt 7. februar 2014 i TFO 2013. Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 6508-1-3

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 20.06.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52