Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 6608/11-9 i utvinningsløyve 842

26.06.2019 Oljedirektoratet har gitt Capricorn Norge AS boreløyve for brønn 6608/11-9 jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6608/11-9 skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 66 2`54,07 N og 08 22`34,16 A.

Boreprogrammet for brønn 6608/11-9 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 842. Capricorn Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent og rettshavarane er Skagen44 AS med 30 prosent og Pandion Energy AS med 30 prosent. Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 6608/10, 6608/11 og 6608/12. Brønnen blir bora om lag 13 kilometer nordaust for Norne-feltet.

Utvinningsløyve 842 vart delt ut 5. februar 2016 i TFO2015 på norsk sokkel. Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

6608-11-9.png

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 26.06.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52