Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 7219/9-3 i utvinningsløyve 532

19.12.2019 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 7219/9-3, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 7219/9-3 skal borast frå boreinnretninga Transocean Enabler i posisjon 72 17`23,02 N og 19 59`56,43 A.

Boreprogrammet for brønn 7219/9-3 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 532. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Vår Energi AS med 30 prosent og Petoro AS med 20 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokkene 7219/9, 7220/4, 7220/5, 7220/7 og 7220/8. Brønnen blir bora om lag 25 kilometer sørvest for Johan Castberg FPSO.

Utvinningsløyve 532 vart delt ut 15.05.2009 i 20 konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den 10 brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 7219-9-3

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 19.12.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52