Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 9/2-12 i utvinningsløyve 910

04.09.2019 Oljedirektoratet har gitt Repsol Norge AS boreløyve for brønn 9/2-12, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 9/2-12 skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 57°52'28,97"N og 4°33'11,52"A.

Boreprogrammet for brønn 9/2-12 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 910. Repsol Norge AS er operatør med ein del på 61,111 prosent. Dei andre rettshavarane er Lotos E&P Norge AS med ein del på 22,222 prosent og OKEA ASA med ein del på 16,667 prosent. Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 9/2. Brønnen blir bora om lag tre kilometer aust for Yme-feltet.

Utvinningsløyve 910 blei tildelt 2. mars 2018 i TFO 2017. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 9-2-12

 

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 04.09.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52