Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønnane 16/1-30 S og 16/1-30 A i utvinningsløyve 167

09.05.2019 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnane 16/1-30 S og 16/1-30 A, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønnane 16/1-30 S og 16/1-30 A skal borast frå boreinnretninga West Phoenix i posisjon 58°58'50,65"N og 02°16'50,78"A.

Boreprogrammet for 16/1-30 S og 16/1-30 A gjeld boring av avgrensingsbrønnar i utvinningsløyve 167. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Lundin Norway AS med 20 prosent og Spirit Energy Norway AS med 20 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av ein del av blokk 16/1. Brønnane blir bora om lag 25 kilometer nordvest for Johan Sverdrup-feltet.

Utvinningsløyve 167 blei tildelt 1. mars 1991 i 13. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den sjuande og åttande leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kart av brønn 16/1-30 S og 16/1-30 A

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51876452

Oppdatert: 09.05.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51876452