Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 16/1-33 S i utvinningsløyve 780

22.06.2020 Oljedirektoratet har gitt Spirit Energy Norway AS boreløyve for brønn 16/1-33 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 16/1-33 S skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 58°58'42,96"N og 2°10'30,82"A.

Boreprogrammet for brønn 16/1-33 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 780. Spirit Energy Norway AS er operatør med ein del på 60 prosent. Den andre rettshavaren er Aker BP ASA med 40 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 16/1. Brønnen blir bora om lag 5 kilometer nord for Ivar Aasen-feltet i midtre del av Nordsjøen og 205 kilometer vest for Stavanger.

Utvinningsløyve 780 blei tildelt 6. februar 2015 i TFO 2014 på norsk sokkel.
Dette er den fyrste letebrønnen som blir bora i løyvet. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 16-1-33 S

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 22.06.2020

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52