Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 25/2-22 S i utvinningsløyve 442

08.01.2020 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 25/2-22 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 25/2-22 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Nordkapp i posisjon 59°52'51,32"N og 02°28'0,40"A.

Boreprogrammet for brønn 25/2-22 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 442. Aker BP ASA er operatør med ein del på 90,26 prosent. Den andre rettshavaren er LOTOS Exploration and Production Norge AS (9,74 prosent). Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 25/2 og 25/3. Brønnen blir bora om lag 37 kilometer nord for Heimdal-feltet.

Utvinningsløyve 442 blei tildelt 15. juni 2007 (TFO 2006). Dette er den 9. leitebrønnen som blir bora i løyvet. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart som viser leitebrønn 25/2-22 S

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 08.01.2020

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52