Boreløyve for brønn 2/9-6 S i utvinningsløyve 617

04.12.2020 Oljedirektoratet har gitt MOL Norge AS boreløyve for brønn 2/9-6 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 2/9-6 S skal borast frå boreinnretninga Maersk Integrator i posisjon 56°21'35,264"N og 003°53'05,246"A etter avslutting av boring av produksjonsbrønn 16/1-D-17 for Aker BP ASA på Ivar Aasen-feltet i utvinningstillatelse 001B.

Boreprogrammet for brønn 2/9-6 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 617. MOL Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Wintershall DEA Norge AS (30 prosent) og OMV (Norge) AS (30 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 2/9. Brønnen blir bora om lag 31 kilometer aust for Valhallfeltet.

Utvinningsløyve 617 vart delt ut 03.02.2012, i TFO 2011. Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kart over brønn 2-9-6-S

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 07.12.2020