Boreløyve for brønn 34/7-E-4 AH i utvinningsløyve 089

13.03.2020 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 34/7-E-4 AH, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 34/7-E-4 AH skal borast frå boreinnretninga Transocean Norge i posisjon 61°23'54,82"N og 2°4'4,53"Ø.

Boreprogrammet for brønnbane 34/7-E-4 AH gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 089. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 41,5 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (30 prosent), Vår Energi AS (16,1 prosent), Idemitsu Petroleum Norge AS (9,6 prosent) og Wintershall Dea Norge AS (2,8 prosent).

Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 34/7. Brønnen blir bora rett sørvest for Snorrefeltet.

Utvinningsløyve 089 vart delt ut 09.03.1984 (8. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Denne brønnen er den 41. leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 34-7-E-4-AH

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 13.03.2020