Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 35/10-5 i utvinningsløyve 827 S

10.03.2020 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 35/10-5, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 35/10-5 skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 61 11’07,06’’ N og 03 15’10,86’’ A.

Boreprogrammet for brønn 35/10-5 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 827 S. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 70 prosent. Den andre rettshavaren er DNO Norge AS med 30 prosent.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 35/10. Brønnen blir bora om lag 11 kilometer sørvest for Vegafeltet.

Utvinningsløyve 827 S vart delt ut 05.02.2016 (TFO 2015). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 35-10-5

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 10.03.2020

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52