Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 6204/11-3 i utvinningsløyve 829

10.08.2020 Oljedirektoratet har gitt Wellesley Petroleum AS boreløyve for brønn 6204/11-3, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6204/11-3 skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 62° 3’ 52,058” N og 04° 22’ 10,418” A. Riggen er for tida på verft i Kvinesdal.

Boreprogrammet for brønn 6204/11-3 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 829. Wellesley Petroleum AS er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Equinor Energy AS (20 prosent) og Petoro AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 6204/7, 8, 10 og 11. Brønnen blir bora om lag 65 kilometer nordnordaust for Peonfunnet og om lag 100 km sørvest fra Ålesund.

Utvinningsløyve 829 vart delt ut 05.02.2016 (TFO2015). Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart som viser brønn 6204_11_3

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 10.08.2020

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52