Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 6406/12-G-1 H i utvinningsløyve 586

14.09.2020 Oljedirektoratet har gitt Neptune Energy boreløyve for brønn 6406/12-G-1 H, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6406/12-G-1 H skal borast frå boreinnretninga West Phoenix i posisjon 64°1'50,48"N og 6°45'2,89"A etter avslutting av boring av observasjonsbrønn 6406/12-H-4 for Neptune Energy i utvinningsløyve 586.

Boreprogrammet for brønn 6406/12-G-1 H gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 586. Neptune Energy er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Vår Energy (45 prosent), Suncor Energy (17,5 prosent) og DNO Norge (7,5 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6406. Brønnen blir bora om lag 36 kilometer sørvest for Njord-feltet.

Utvinningsløyve 586 vart delt ut 04.02.2011 (TFO 2010). Dette er den 7. leitebrønnen som blir bora i løyvet. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 6406-12-G-1-H

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 14.09.2020

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52