Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 6507/4-1 i utvinningsløyve 1009

03.08.2020 Oljedirektoratet har gitt ConocoPhillips Skandinavia AS boreløyve for brønn 6507/4-1, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6507/4-1 skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 65°38'14,31"N og 7°1'18,46"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 16/1-33 S for Spirit Energy Norway AS i utvinningsløyve 780.

Boreprogrammet for brønn 6507/4-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 1009. ConocoPhillips Skandinavia AS er operatør med ein del på 65 prosent. Den andre rettshavaren er PGNiG Upstream Norway AS (35 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 6507/4 og 6506/6. Brønnen blir bora om lag 27 kilometer sørvest for Skarv-feltet.

Utvinningsløyve 1009 vart delt ut 01.03.2019, i forbindelse med TFO 2018. Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 6507-4-1

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 03.08.2020

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52