Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 6507/8-10 S i utvinningsløyve 889

08.01.2020 Oljedirektoratet har gitt Neptune Energy Norge AS boreløyve for brønn 6507/8-10 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6507/8-10 S skal borast frå boreinnretninga West Phoenix i posisjon 65°18'10,40"N og 7°31'13,39"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 15/3-12 S for Equinor Energy AS i utvinningsløyve 025.

Boreprogrammet for brønn 6507/8-10 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 889. Neptune Energy Norge AS er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Equinor Energy AS (20 prosent) og Wellesley Petroleum AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 6507/8. Brønnen blir bora om lag 7 kilometer aust for Heidrun-feltet i Norskehavet og 216 kilometer vest for Brønnøysund.

Utvinningsløyve 889 blei tildelt 10. februar 2017 i TFO 2016 på norsk sokkel. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart som viser brønn 6507/8-10 S

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 08.01.2020

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52