Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 6607/12-4 og 6607/12-4 A i utvinningsløyve 127 C

24.06.2020 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 6607/12-4 og 6607/12-4 A jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6607/12-4 og 6607/12-4 A skal borast frå boreinnretninga Deepsea Nordkapp i posisjon 66 3`39,74 N og 7 59`5,82 A.

Boreprogrammet for brønn 6607/12-4 gjeld boring av undersøkingsbrønn og 6607/12-4 A avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 127 C.

Aker BP ASA er operatør med ein del på 88.0825 prosent. Den andre rettshavarane er PGNiG Upstream Norway AS med 11.9175 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6607/12. Brønnen blir bora om lag 7 kilometer nordaust for 6607/12-2 S Alve Nord funnet.

Utvinningsløyve 127 C ble skilt ut 27.03.2017 frå utvinningsløyve 127. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønnene 6607-12-4 og 6607-12-4-A

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 24.06.2020

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52