Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 7221/4-1 i utvinningsløyve 609

18.02.2020 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7221/4-1 jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 7221/4-1 skal borast frå boreinnretninga West Bollsta i posisjon 72 36`11,44 N og 21 17`51,4 A.

Boreprogrammet for brønn 7221/4-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 609. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge AS med 30 prosent og Wintershall Dea Norge AS med 30 prosent.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 7220/11, 7220/12, 7220/9, 7221/4 og 7220/6. Brønnen blir bora om lag 12 kilometer aust for funnet 7220/6-2.

Utvinningsløyve 609 blei tildelt 13. mai 2011 i 21. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den 13. brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart som viser brønn plassering av brønn 7221-4-1

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 18.02.2020

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52