Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 7321/8-2 S i utvinningsløyve 719

12.05.2020 Oljedirektoratet har gitt Spirit Energy Norway AS boreløyve for brønn 7321/8-2 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 7321/8-2 S skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 73°22'25,61"N og 21°35'11,54"A.

Boreprogrammet for brønn 7321/8-2 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 719. Spirit Energy Norway AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er LUKOIL Overseas North Shelf AS (30 prosent) og Aker BP ASA (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 7321/8 og 7321/9. Brønnen blir bora om lag 60 kilometer vest for funnet 7324/8-1 (Wisting).

Utvinningsløyve 719 vart delt ut 21.6.2013 i 22. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kart over brønn 7321-8-2-S

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 12.05.2020

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52