Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønnane 34/4-15 S og 34/4-15 A i utvinningsløyve 882

12.06.2020 Oljedirektoratet har gitt Neptune Energy Norge AS boreløyve for brønnane 34/4-15 S og 34/4-15 A, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønnane 34/4-15 S og 34/4-15 A skal borast frå boreinnretninga Deepsea Yantai i posisjon 61°33'45,84"N og 2°2'37,52"A etter avslutting av boring av produksjonsbrønn på Duvafeltet.

Boreprogrammet for brønnane 34/4-15 S og 34/4-15 A gjeld boring av undersøkingsbrønnar i utvinningsløyve 882.

Neptune Energy Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Concedo ASA (20 prosent), Petrolia NOCO AS (20 prosent) og Idemitsu Petroleum Norge AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkane 33/6 og 34/4. Brønnane blir bora om lag ti kilometer nordvest for Snorrefeltet.

Utvinningsløyve 882 blei tildelt 10. februar 2017 i (TFO 2016). Dette er den første og andre leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 882_34_4_15

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 12.06.2020

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52