Boreløyve for brønn 15/12-25 i utvinningsløyve 973

11.01.2021 Oljedirektoratet har gitt Chrysaor Norge AS boreløyve for brønn 15/12-25, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 15/12-25 skal borast frå boreinnretninga COSLInnovator i posisjon 58° 4' 8.33" N og 1° 49' 42.79"A.

Boreprogrammet for brønn 15/12-25 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 973. Chrysaor Norge AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er OKEA ASA (30 prosent) og Petoro AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet er del av blokk 15/12. Brønnen blir bora om lag sju kilometer nordvest for Revfeltet.

Utvinningsløyve 973 vart delt ut 1.3.2019 (TFO2018). Dette blir den fyrste leitebrønnen som blir bora i løyvet. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart som viser hvor brønn 15/12-25 er lokalisert

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 11.01.2021