Boreløyve for brønn 16/4-13 S i utvinningsløyve 359

05.01.2021 Oljedirektoratet har gitt Lundin Energy Norway boreløyve for brønn 16/4-13 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 16/4-13 S skal borast frå boreinnretninga West Bollsta i posisjon 58°43'40,23"N og 02°09'08,95"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7219/11-1 for Lundin Energy Norway i utvinningsløyve 533 B.

Boreprogrammet for brønn 16/4-13 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 359. Lundin Energy Norway er operatør med ein del på 65 prosent. Dei andre rettshavarane er OMV (Norge) AS (20 prosent) og Wintershall Dea Norge AS (15 prosent).

Arealet i dette løyvet består av nordaustleg del av blokk 16/4. Brønnen blir bora om lag 6 kilometer nordvest for funnbrønnen 16/4-6 S på Solveigfeltet.

Utvinningsløyve 359 vart delt ut (6.1.2006, TFO 2005). Dette er den sjette leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 16-4-13-S

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 05.01.2021