Boreløyve for brønn 17/8-1 i utvinningsløyve 976

18.08.2021 Oljedirektoratet har gitt Lundin Energy Norway AS boreløyve for brønn 17/8-1, jf. ressursforskrifta paragraf 13.

Brønn 17/8-1 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Stavanger i posisjon 58°27'6,11"N og 3°31'9,19"A.

Boreprogrammet for brønn 17/8-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 976. Lundin Energy Norway AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Repsol Norge AS (30 prosent) og Petoro AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 17/4, 17/5, 17/6, 17/7, 17/8 og 17/9. Brønnen blir bora om lag 65 kilometer sørøst for Johan Sverdrup feltet.

Utvinningsløyve 976 vart delt ut 01.03.2019, TFO 2018. Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kart over brønn 17-8-1

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 18.08.2021