Boreløyve for brønn 25/8-20 S, 25/8-20 A, 25/8-20 B og 25/8-20 C i utvinningsløyve 027

30.03.2021 Oljedirektoratet har gitt Vår Energi AS boreløyve for brønn 25/8-20 S, 25/8-20 A, 25/8-20 B og 25/8-20 C, jf. ressursforskrifta paragraf 13.

Brønn 25/8-20 S, 25/8-20 A, 25/8-20 B og 25/8-20 C skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 59°17'27,38"N og 2°22'27,05"Ø etter avslutting av boring av vanninjeksjonsbrønn for Vår Energi AS i utvinningsløyve PL229.

Boreprogrammet for brønn 25/8-20 S og 25/8-20 B gjeld boring av undersøkingsbrønnar og boreprogrammet for brønn 25/8-20 A og 25/8-20 C gjeld boring av avgrensningsbrønnar i utvinningsløyve 027.

Vår Energi AS er operatør med ein del på 90 prosent. Den andre rettshavaren er Mime Petroleum AS (10 prosent). Arealet i dette løyvet består av deler av blokk 25/8. Brønnen blir bora om lag 8 kilometer nord for Balderfeltet.

Utvinningsløyve 027 vart delt ut 23.05.1969 ( 2-A.Runde). Dette er den 14, 15, 16 og 17. leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønnene 25-8-20-SABC

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 30.03.2021