Boreløyve for brønn 25/8-21 S i utvinningsløyve 820 S

06.05.2021 Oljedirektoratet har gitt MOL Norge AS boreløyve for brønn 25/8-21 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.

Brønn 25/8-21 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Barents i posisjon 59°19'44,736"N og 2°20'25,103"A.

Boreprogrammet for brønn 25/8-21 S gjeld boring av avgrensningsbrønn i utvinningsløyve 820 S. MOL Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent.

Dei andre rettshavarane er Lundin Energy Norway AS (41 prosent), Pandion Energy AS (12,5 prosent) og Wintershall Dea Norge AS (6,5 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokk 25/7 og 25/8. Brønnen blir bora om lag 11 kilometer nord for Balderfeltet.

Utvinningsløyve 820 S vart delt ut 05.02.2016 (TFO2015). Dette er den tredje leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 25-8-21-S

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 06.05.2021