Boreløyve for brønn 34/4-16 S i utvinningsløyve 882

Gul-bro-trafikklys-plattform-1920px

illustrasjonsbilde

04.02.2021 Oljedirektoratet har gitt Neptune Energy AS boreløyve for brønn 34/4-16 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.

Brønn 34/4-16 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Yantai i posisjon 61°33'42,58"N og 02°02'10,59"A etter boring av utvinningsbrønnar på Gjøafeltet.

Boreprogrammet for brønn 34/4-16 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 882. Neptune Energy AS er operatør med ein del på 45 prosent. Dei andre rettshavarane er Petrolia NOCA AS (20 prosent), Idemitsu Petroleum Norge AS (20 prosent), og Concedo AS (15 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 33/6 og 34/4. Brønnen blir bora om lag 10 kilometer nordvest for Snorrefeltet.

Utvinningsløyve 882 vart delt ut 10.02.2017 (TFO 2016). Dette er den tredje leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart som viser hvor brønn 34/4-16 S

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 04.02.2021