Boreløyve for brønn 34/6-5 S i utvinningsløyve 554

Prod-tall-illustrasjonsbilde-plattform-Morten-Berentsen

Illustrasjonsfoto.

11.02.2021 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 34/6-5 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.

Brønn 34/6-5 S skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 61°36'4,81"N og 2°44'27,87"A etter boring av undersøkingsbrønn 31/2-22 S med opsjonell sidestegs-avgrensing i utvinningsløyve 090.

Boreprogrammet for brønn 34/6-5 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 554. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er AKER BP ASA (30 prosent) og Vår Energi AS (30 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 34/6. Brønnen blir bora om lag 25 kilometer aust for Snorrefeltet og 1,5 kilometer nordvest for funnbrønnen 34/6-2 S «Garantiana».

Utvinningsløyve 554 vart delt ut 19.02.2010 (TFO 2009). Dette er den sjette leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart som viser hvor brønn 34/6-5 S er lokalisert

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 11.02.2021