Boreløyve for brønn 6407/1-9 i utvinningsløyve 939

31.05.2021 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 6407/1-9, jf. ressursforskrifta paragraf 13.

Brønn 6407/1-9 skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 64°58'46,07"N og 07°02'55,18"A.

Boreprogrammet for brønn 6407/1-9 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 939. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 70 prosent.

Den andre rettshavar er PGNiG Upstream Norway AS (30 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 6406/3 og 6407/1. Brønnen blir bora om lag 2 kilometer nordaust for 6407/1-5 S Maria avgrensingsbrønn og om lag 7 kilometer nordvest for 6407/1-6 S Rodriguez.

Utvinningsløyve 939 vart delt ut 02.03.2018 (TFO 2017). Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart som viser hvor brønn 6407/9-1 er lokalisert

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 31.05.2021