Boreløyve for brønn 6507/4-2 S i utvinningsløyve 211

Prod-tall-illustrasjonsbilde-plattform-Morten-Berentsen

Illustrasjonsbilde: Morten Berentsen

05.02.2021 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Dea Norge AS boreløyve for brønn 6507/4-2 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.

Brønn 6507/4-2 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Aberdeen i posisjon 65°32'23,77"N og 07°11'22,41"A etter opphald på verft.

Boreprogrammet for brønn 6507/4-2 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 211. Wintershall Dea Norge AS er operatør med ein del på 55 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (35 prosent) og Edison Norge AS (10 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6507/4. Brønnen blir bora om lag ti kilometer nord for Dvalinfeltet.

Utvinningsløyve 211 blei tildelt 2. februar 1996. Dette er den andre leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart som viser hvor brønn 6507/4-2 S er lokalisert

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 05.02.2021