Boreløyve for brønn 7122/6-3 S i utvinningsløyve 901

08.09.2021 Oljedirektoratet har gitt Vår Energi AS boreløyve for brønn 7122/6-3 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.

Brønn 7122/6-3 S skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 71°31'34,93"N og 22°44'49,03"A  etter avslutting av boring av utvinningsbrønnar på Goliatfeltet for Vår Energi AS.

Boreprogrammet for brønn 7122/6-3 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 901. Vår Energi AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Longboat Energi AS (20 prosent), Concedo AS (20 prosent) og Equinor Energy AS (10 prosent).

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 7122/5, 7122/6 og 7123/4. Brønnen blir bora om lag 30 kilometer nordaust for Goliatfeltet og om lag 13 kilometer sør for funnbrønnen 7122/6-1.

Utvinningsløyve 901 vart delt ut 10.02.2017 (TFO 2016). Dette er den fyrste leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 7122-6-3-S

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 08.09.2021