Boreløyve for brønn 7220/7-4 i utvinningsløyve 532

08.02.2021 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 7220/7-4, jf. ressursforskrifta paragraf 13.

Brønn 7220/7-4 skal borast frå boreinnretninga Transocean Enabler i posisjon 72°25'4,32"N og 20°8'25,73"A etter boring av utvinningsbrønnar på Johan Castberg-feltet.

Boreprogrammet for brønn 7220/7-4 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 532. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Vår Energi AS (30 prosent) og Petoro AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 7219/9, 7220/4, 7220/5, 7220/7 og 7220/8. Brønnen blir bora om lag 10 kilometer sørvest for funnbrønnen 7220/8-1 på Johan Castberg-feltet.

Utvinningsløyve 532 vart delt ut 15.05. 2009 (20. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den ellevte leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart som viser hvor brønn 7220/7-4 er lokalisert

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 08.02.2021