Boreløyve for brønn 7234/6-1 og 7234/6-1 A i utvinningsløyve 858

28.05.2021 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 7234/6-1 og 7234/6-1 A, jf. ressursforskrifta paragraf 13.

Brønnane 7234/6-1 og 7234/6-1 A skal borast frå boreinnretninga Deepsea Nordkapp i posisjon 72°38'54,39"N og 34°50'49,29"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7322/6-1 S for Equinor Energy AS i utvinningsløyve 722.

Boreprogrammet for brønnane 7234/6-1 og 7234/6-1 A gjeld boring av undersøkingsbrønn og avgrensningsbrønn i utvinningsløyve 858. Aker BP ASA er operatør med ein del på 40 prosent.

Dei andre rettshavarane er Lukoil Overseas North Shelf AS (20 prosent), Petoro AS (20 prosent) og Equinor Energy AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokkane 7234/3, 7234/6, 7235/1, 7235/2, 7235/3, 7235/4 og 7235/5. Brønnane blir bora om lag 165 kilometer sør for funnbrønnen 7435/12-1 og om lag 455 kilometer nordaust for Hammerfest.

Utvinningsløyve 858 vart delt ut 10.06.2016 (23. runde). Dette er dei to første leitebrønnane som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart som viser hvor brønn 7234-6-1 og 7234/6-1 A er lokalisert

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 28.05.2021

Siste nyheter

Tørr brønn nord for Heidrunfeltet i Norskehavet
29.11.2022 Equinor Energy AS, operatør for utvinningstillatelse 124, har avsluttet boring av letebrønn 6507/8-11 S.
Korrigerte produksjonstal for oktober 2022
25.11.2022 OD har korrigert førebels gass-produksjon for oktober.
Velkommen til IEA Technical Collaboration workshops
10.11.2022 22.–23. november: Forskning og erfaring fra økt oljeutvinning (EOR). 24. november: Olje og gass i sammenheng med energisikkerhet og energiovergang.
Boreløyve for brønnbane 25/10-17 S
10.11.2022 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbane 25/10-17 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbane 16/1-35 S
08.11.2022 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbane 16/1-35 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Alle statusrapportane er no på Faktasidene og i Faktakart
04.11.2022 No er alle tilgjengelege statusrapportar (tilbakeleveringsrapportar) gjort tilgjengelege på Faktasidene.
Gass/kondensat-funn nær Osebergfeltet i Nordsjøen
04.11.2022 OMV (Norge) AS, operatør for utvinningstillatelse 1100, er i ferd med å avslutte boring av letebrønnene 30/5-4 S og 30/5-4 A.
Utlysning: Tildeling av areal for lagring av CO2 på norsk sokkel
02.11.2022 Olje- og energidepartementet (OED) har 2. november 2022 lyst ut ett område for lagring av CO2 etter lagringsforskriften.
Deler data frå eldre brønnar
31.10.2022 Produksjons- og injeksjonsdata frå eldre brønnar er no tilgjengelege i Diskos.
Høring: Konsekvensutredning for mineralvirksomhet på norsk kontinentalsokkel
27.10.2022 Konsekvensutredningen i forbindelse med åpningsprosessen sendes nå på høring med svarfrist 27. januar 2023.