Boreløyve for brønnene 35/10-7 S og A i utvinningsløyve 630

09.09.2021 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnene 35/10-7 S og A, jf. ressursforskrifta paragraf 13.

Brønnene 35/10-7 S og A skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 61°01'03,291"N og 03°17'37,367"A.

Boreprogrammet for brønnene 35/10-7 S og A gjeld boring av ein undersøkingsbrønn og ein avgrensningsbrønn i utvinningsløyve 630. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 50 prosent. Den andre rettshavaren er Wellesley Petroleum AS (50 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 35/10. Brønnene blir bora om lag 16 kilometer nordvest for Trollfeltet og 12 kilometer vest for Framfeltet.

Utvinningsløyve 630 vart delt ut 03.02.2012 (TFO 2011). Dette er den fjerde og femte leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 35-10-7-A og S

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 09.09.2021