Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

desember 2000

01.02.2001

Pressemelding nr. 7/2001 
Produksjonen av petroleum i desember var 22,8 millionar standardkubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e.). Av dette var rundt 16,0 millionar Sm3 o.e. olje, 5,5 millionar Sm3 o.e. gass og 1,2 millionar Sm3 o.e. NGL og kondensat.
Gjennomsnittleg dagsproduksjon i desember var om lag 3 246 000 fat stabilisert olje, om lag 143 000 fat NGL og om lag 111 000 fat kondensat.

Den totale produksjonen i 2000 var om lag 243,2 millionar Sm3 o.e. Av dette utgjorde oljeproduksjonen rundt 180,9 millionar Sm3 o.e., kondensat og NGL rundt 12,3 millionar Sm3 o.e., og gass for sal rundt 49,9 millionar Sm3 o.e.

Produksjonsdata vert rapportert både i vekt og volum. Tidlegare har ein nytta omrekningsfaktoren 1,3 Sm3 per tonn for å angje NGL og kondensat i Sm3 oljeekvivalentar (Sm3 o.e.). I denne oversikta vert det nå nytta innrapporterte tal i volum baserte på aktuelle eigenvekter. Dette fører til mindre endringar ved samanlikning av tidlegare publiserte tabellar.

Produksjonsdata i Sm3 o.e. vil nå innehalde følgjande einingar:

1 Sm3 olje = 1 Sm3 o.e. olje 1 Sm3 NGL = 1 Sm3 o.e. NGL 1 Sm3 kondensat = 1 Sm3 o.e. kondensat 1000 Sm3 gass = 1 Sm3 o.e. gass

Kontaktinformasjon

Oppdatert: 04.09.2009