Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

juni 2002

15.08.2002 Pressemelding nr. 33/2002: Produksjonen av petroleum i juni var 20,4 millionar standardkubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e.). Av dette var rundt 13,9 millionar Sm3 o.e. olje, 4,9 millionar Sm3 o.e. gass og 1,6 millionar Sm3 o.e. NGL og kondensat.

Gjennomsnittleg dagsproduksjon i juni var om lag 2 918 000 fat stabilisert olje, om lag 184 000  fat NGL og om lag 145 000  fat kondensat.

Så langt i 2002 er den totale produksjonen om lag 129,1 millionar Sm3 o.e. Av dette utgjorde oljeproduksjonen rundt 86,8 millionar Sm3 o.e., kondensat og NGL rundt 9,6 millionar Sm3 o.e., og gass for sal rundt 32,6 millionar Sm3 o.e.

Ver merksam på at tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk sokkel nå er flytta til ODs faktasider.

Førebels produksjonstal frå norsk kontinentalsokkel, juli 2002
Førebels produksjonsoversikt for juli viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 3 137 000 fat  olje. Endelege produksjonstal vil bli gjort offentleg i begynnelsen av september.

Oppdatert: 07.01.2010