Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

mai 2002

05.07.2002 Pressemelding nr. 31/2002: Produksjonen av petroleum i mai var 22,2 millionar standardkubikkmeter oljeekvivalentar (Sm³ o.e.). Av dette var rundt 14,9 millionar Sm³ o.e. olje, 5,5 millionar Sm³ o.e. gass og 1,8 millionar Sm³ o.e. NGL og kondensat.

Gjennomsnittleg dagsproduksjon i mai var om lag 3 028 000 fat stabilisert olje, om lag 194 000 fat NGL og om lag 172 000 fat kondensat.

Så langt i 2002 er den totale produksjonen om lag 108,7 millionar Sm³ o.e. Av dette utgjorde oljeproduksjonen rundt 72,9 millionar Sm³ o.e., kondensat og NGL rundt 8,0 millionar Sm³ o.e., og gass for sal rundt 27,8 millionar Sm³ o.e.

Ver merksam på at tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk sokkel nå er flytta til OD's faktasider.

Førebels produksjonstal frå norsk kontinentalsokkel, juni 2002
Førebels produksjonsoversikt for juni viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2 934 000 fat olje. Endelege produksjonstal vil bli gjort offentleg i begynnelsen av august

Produksjon første halvår 2002
Basert på endelege tal for januar til mai og førebels tal for juni ser oljeproduksjonen ut til å bli 3,02 mill. fat i gjennomsnitt pr dag i første halvår.

Oppdatert: 07.01.2010