Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

mai 2003

04.07.2003 Pressemelding nr. 13/2003: Produksjonen av petroleum i mai var 21,2 millionar standardkubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e.). Av dette var rundt 14,0 millionar Sm3 o.e. olje, 5,2 millionar Sm3 o.e. gass og 2,0 millionar Sm3 o.e. NGL og kondensat.

Gjennomsnittleg dagsproduksjon i mai var om lag 2 838 000 fat stabilisert olje, om lag 197 000  fat NGL og om lag 202 000  fat kondensat.

Produksjonen i mai i år var 5 prosent lågare enn produksjonen i mai i fjor. Både olje- og gassproduksjonen var lågare.


Oljeproduksjon norsk sokkel jan - mai 2003


Så langt i 2003 er den totale produksjonen om lag 112,0 millionar Sm3 o.e. Av dette utgjorde oljeproduksjonen rundt 70,6 millionar Sm3 o.e., kondensat og NGL rundt 9,8 millionar Sm3 o.e., og gass for sal rundt 31,6 millionar Sm3 o.e.

Ver merksam på at tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk sokkel nå er flytta til ODs fakta-sider. Oversikten viser nå komplett historie pr. felt og for heile sokkelen pr. månad og år.


Førebels produksjonstal frå norsk kontinentalsokkel, juni 2003

Førebels produksjonsoversikt for juni viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2 605 000 fat  olje. Dette er omlag 300.000 tusen fat lågare enn dagsproduksjonen i juni i fjor. Den låge produksjonen skyldes planlagt vedlikehald på fleire felt, blant anna på Troll. Endelege produksjonstal vart gjort offentleg i begynnelsen av august 2003.

 

Kontaktinformasjon
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77 

Oppdatert: 22.01.2013